Eigenberedskapsveka 2024

Eigenberedskapsveka 2024 startar mandag 28. oktober. I løpet av denne veka vil alle landets husstandar få ei brosjyre i posten.

Brosjyra inneheld viktig informasjon om kva du kan gjere for å førebu deg på kriser. 

Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i éi veke. I brosjyra får du konkrete råd om kva du kan gjere. 

Vi oppfordrar alle til å lese brosjyra og styrke sin eigenberedskap!

DSB Egenberedskap nynorsk (PDF, 4 MB)
DSB Egenberedskap bokmål (PDF, 4 MB)

Om eigenberedskapsråda

Eigenberedskapsråda som blir presenterte i brosjyra, vart oppdaterte i 2024.

Desse råda finn du på sikkerhverdag.no 

Hensikta med råda er at ein skal vere i stand til å dekke dei mest grunnleggande behova i ein krisesituasjon: varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.

Bakgrunnen for oppdaterte råd er ein forverra tryggleikspolitisk situasjon i Europa. Andre medvirkande faktorar er klimaendringar som fører til meir ekstremvêr, og samfunnet si  avhengigheit av straum, vatn og mobilnett.

Not fluent in Norwegian? Check out this page.